Bilete av Ada
Bilete av Ada
Bilete av Ada
Bilete av Ada

Om webutviklaren

Ada saman med kystgeit

Heile livet har eg likt godt å utfolde meg kreativt, og fann tidleg ei interesse for webutvikling. Heilt sidan eg var 14 år har eg holdt på med nettsider, men det var først i vaksen alder eg tok hobbyen eit steg vidare og tok utdanning innan faget. Eg fullførte utdanninga mi innan frontend-utvikling våren 2019. Eg har også bachelor i innovasjonsledelse og entreprenørskap.

Å vere ein webutviklar og småbrukar gir meg ein dag med mange varierte arbeidsoppgåver.

Eg jobbar som freelancer og tek på meg oppdrag både for designbyrå og privatpersonar.

https://github.com/adahab91

Om småbrukaren

Kystgeiter

Som 20 åring tok eg og mannen min over eit lite småbruk på den flotte Stadhalvøya i Stad kommune. Vi starta raskt opp med den utrydningstruga norske geiterasen Kystgeit. Denne geita var perfekt til det attgrodde landskapet på garden. Vi kjøpte oss også nokre sauer og høner.

Draumen er å vere sjølvforsynt med kjøt, fisk, grønnsaker, frukt og bær. Ingen sprøytemiddel og minst mogleg kunstige greier.